Muntleg historie er eit nasjonalt prosjekt.
Norsk Folkemuseum brukar portalen minner.no til å samle forteljingar, film og bilder.
Ved Bø Museum vart det oppretta ei gruppe under samlingsforvaltninga, med ansvar for å digitalisere ei testamentarisk gåve, på 800 VHS kasssettar, med lokalhistoriske opptak. Dette er nå Gunhild og Birger Kinck samlinga ved Bø Museum.
Det vart naturleg for gruppa og videreføre arbeidet til Gunhild, med video opptak av personar og om hendingar i bygda. Etter samanslåinga av Bø og Sauherad til Midt-Telemark kommune, driv gruppa registreringsarbeid i heile kommunen. Arbeidet til gruppa blei da lagt inn under samarbeidsorganet Midt-Telemark Museum.
Vi har ein YouTube kanal der vi publiserar materiale etter kvart som det blir godkjent.
Vi tek gjerne imot informasjon om tema eller folk vi bør ta opptak med. Om du kan tenke deg å bli med i innsamlingsarbeidet er det mange ulike oppgåver, så ta kontakt med kontaktpersonen.
Her er nokre av prosjekta vi jobbar med:
Ferdige prosjekt
Prosjekt | Kontakt |
---|---|
Minneprogram om felespelaren Olav Evju 1898 – 1989 Desse er med: Alf Gjessing, Asbjørn Storesund, Alf Tveit, Knut Buen og Jorid Vale | Torbjørn Norendal Tlf: 35 95 63 60 epost:troellheimen@yahoo.no |
Flysleppet på Holmtjønn, Breisås Det var fjorten mann frå heimefronten i Bø som natta mellom 22. og 23. februar 1945 tok imot eit våpenslepp på Breisås. Sjå artikkel i Bø Blad | Sveinung Børte Mobil: 975 21370 epost: sveboer@online.no |
Prosjekt | Kontakt |
---|---|
Jernbaneprosjektet Historia til Bø Stasjon og Sørlandsbanen frå Øysteinstul til Lunde | Gunleik Hynne Mobil: 916 79 479 epost: ghynn@online.no |
Norgesmesterane i håndball 1950 Skarphedin damer blei norgesmesterar i det fyrste innendørsmesterskapet. Vi har samla stoff og gjer opptak med Gunhild (Tveitan) Forberg, Annelita (Strand) Espedalen og Berit (Espeland) Bø | Svein Lerum Mobil: 915 68 692 epost: svebjoel@online.no |
Bygdeborger i Midt-Telemark Det er valgt ut 6 borger. Bekkekollen, Blekkås, Bratningsborg, Solbjørborga, Trelsborg og Vardeåsen. Prosjektet er nær ferdig, men det er fortsatt interessant med opplysningar om borgene. | Torbjørn Norendal Tlf: 35 95 63 60 epost:troellheimen@yahoo.no |