Midt-Telemark Museum har endra navn til Midt-Telemark Museumslag og denne sida er under avvikling.

Medlemmer

Bø Museum
Museet ligg ved Bøelva på Oterholt som var det gamle sentrumet i Bø før jernbanen kom til Bø i 1924.
Museeumsområdet har husa Polen, Åheim Landhandel, Åsestugo og Utstillingsbygget.
Øst for museet i Bøelva ligg Kvennøya med fleire bygningar. Oterhilt kraftverk frå 1932 ligg også der og er i drift i dag.

Stiftinga Bø Prestegard
Bø Prestegard ligg på høgdedraget nordvest for Bø sentrum på vegen mot Oterholt.
Holmen var det gamle navnet på garden. Det har vore prestegard lenge, og i alle hrøve frå mellomalderen; den første gong garden er nemnd, er i biskop Eystein Aslakssons jordebok frå 1390-åra («Raudeboka»).
I 2006 blei garden kjøpt av Stiftinga Bø Prestegard som driv huset og prestegadshagen saman med Vennelaget for Bø Prestegard.

Stiftelsen Evju Bygdetun
Evju Bygdetun ligg mellom Gvarv og Hørte, midt i Midt-Telemark kommune. Garden blei truleg rydda i eldre steinalder ca.4000 f.Kr.
Jorda blir også i dag bruka til landbruks- og opplevingsnæring. Siste eigar, lærar Jon Evju (1896-1975), testamenterte garden til bygdetun og kultursenter for å skape eit levande miljø kring gamle tradisjonar.
Gardstunet med 6 hus er frå 17 og 1800- talet. 11 verneverdige hus som tunet på Tangen ved elva, Vengeburet, Holtanstugo, Hælge Beltevavarstugo, Th. Kittelsentunet, Møllargutstugo og forsamlingshuset Sjodar, er flytta til bygdetunet og blir bruka i kulturformidling.

Hørte Dampfarveris Venner
Hørte Dampfarveri blei bygd i 1878 av Christen Andersson Hørte.

Huset er bygd i ein spesiell teknikk som var vanleg for uthus på den tida.
Hørte Dampfarveris venner har som formål «å eige og verne Hørte Dampfarveri ved å ta vare på bygningen og sikre minna etter fargeridrifta, å ta vare på andre minne frå Hørteverkets historie, og drive ei allsidig kulturell verksemd i lokalmiljøet».

Sauherad Historielag
Sauherad Historielag, stifta 1986, har som føremål å arbeide for interesse og forståing for kommunens historie. Inntil kultursoga for Sauherad er skriven, vil ein arbeide for eit best mogleg kjeldegrunnlag for denne, primært gjennom munnleg tradisjon.

Sauherad Historielag har ca. 100 medlemer. Den viktigaste oppgåva nå er kulturhistoria for tidlegare Sauherad kommune, nå del av Midt-Telemark kommune etter samanslåing med Bø kommune pr. 1. januar 2020.